| Du er her: Sentraladministrasjonen >
Administrative håndbøker >
Reglementshåndbok >
Studier >
Andre regelverk >
|
Fastsett av Studieavdelinga, Seksjon for funksjonshemma studentar.
Funksjonshemma studentar som ikkje kan eller har nytte av ein vanleg lesesalsplass, kan søke Seksjon for funksjonshemma studentar (SFS) om å få tildelt spesiell lesesalsplass som seksjonen disponerer.
Ved tildeling av plass pliktar studenten å informere Seksjon for funksjonshemma studentar om han/ho kjem til å nytte plassen på deltid eller fulltid. Dersom studenten ikkje nyttar lesesalsplassen på full tid, kan den eventuelt delast av fleire studentar.
Studentane på kvar lesesal vel ein tillitsvalgt som er kontaktledd til Seksjon for funksjonshemma studentar.
Studenten skal informere tillitsvalgt om fråver over 3 dagar. Fråver over 3 veker skal meldast til Seksjon for funksjonshemma studentar slik at eventuelt andre kan nytte plassen i mellomtida. Ved manglande melding vil plassen bli tildelt ein annan person.
Studenten har plikt til å halde plassen ryddig og i orden og å ta omsyn til dei andre på lesesalen.
Ved slutten av kvart semester skal studenten gi melding til Seksjon for funksjonshemma studentar om han/ho har bruk for lesesalsplassen i neste semester. Dersom slik melding ikkje er gitt, vil Seksjon for funksjonshemma studentar tildele lesesalsplassen til ein annan student.